SØK JOBB I SLINDE TRANSPORT
Bli ein del av Slinde Transport
Slinde Transport tilbyr varierte og spennande oppdrag innan transport – frå kraning og spesialtransport til langtransport og distribusjon.
Me har topp moderne bilar og eit arbeidsmiljø der samhald og samarbeid står i fokus. Hos oss dreg me lasset saman, og me ser etter dei beste av dei beste til å bli med på laget.
Er du klar for nye utfordringar i ein framtidsretta og innovativ transportbedrift? Då vil me gjerne høyre frå deg!
Godkjent lærebedrift
Slinde transport er godkjent lærebedrift. Det vil sei at Fylkeskommunen har gitt oss godkjenning for å ta inn lærlingar. For å bli godkjent må me kunne gi den opplæringa som er fastsatt for faget, og ha ein fagleg kvalifisert person ansvarleg for opplæringa.
Me har hatt lærlingar hos oss sidan 90-talet. Fleire lærlingar har fortsett hos oss etter at fagprøven er bestått.
Me tek òg inn ungdommar på utplassering frå ungdomsskulen.
Lærling i yrkessjåførfaget
Me inviterer motiverte og engasjerte lærlingar til å ta læretida hos oss i Slinde Transport. Våre lærlingar får mykje ansvar og lærer seg vedlikehald av utstyr i tillegg til transport.
Me tek og inn lærlingar i mekanikarfaget.
Langtransport Sjåfør 2026
Slinde Transport søkjer etter dyktige og sjølvstendige sjåførar som trivst med utfordringar! Me ser etter nye medarbeidarar stasjonert på Voss, Rudshøgda eller i Larvik.
Kva tilbyr me?
🚛 Gode lønningar
🚛 Topp moderne anlegg og bilar
🚛 Eit godt arbeidsmiljø
Kva ser me etter?
✅ Erfaring som sjåfør og gyldig førarkort for tungtransport.
✅ Sjølvstendig, ansvarsfull og løysingsorientert.
✅ Gyldig YSK og ADR